Prognose: 23 prosent prisauke på bustadar på fire år

Publisert 22.03.2017 08:09, oppdatert 22.03.2017 08:09 - NTB - tips@stottmedia.no

Prognose: 23 prosent prisauke på bustadar på fire år

Bustadprisane i Noreg vil ifølgje Samfunnsøkonomisk analyse auke mest i Oslo, med 33 prosent frå 2016 til 2020. Møre og Romsdal får minst auke med 15 prosent.

Den ferske bustadprisprognosen blir lagt fram onsdag av Samfunnsøkonomisk analyse og Norges Eiendomsmeglerforbund, melder Dagens Næringsliv. I snitt ser dei for seg ein auke på 22,8 prosent i bustadprisane for Noreg frå 2016. Justert for prisauken hittil i 2017, vil snittprisane auke med totalt 16 prosent frå i dag til i 2020. Det ligg uansett langt over analysen frå Statistisk sentralbyrå (SSB), som ventar prisfall på landsplan i 2019 og 2020, og ser for seg ein auke totalt på 3,3 prosent i fireårsperioden.

– Det rekordlåge rentenivået er bakgrunnen for at vi forventar vidare bustadprisoppgang i prognoseperioden, seier dagleg leiar og fagsjef Rolf Røtnes i Samfunnsøkonomisk analyse.

Analysen anslår at bustadbygginga på landsplan aukar til 41.000 bustader i 2018, i så fall den høgste bustadbygginga sidan 1982.

– Vi trur prisveksten dempar seg, men vi trur ikkje på bråstopp i bustadprisane i overmorgon, seier Røtnes.

(©NPK)

Les også